Finland
Published on August 16th, 2011 @ 18:21:06 , using 863 words, 317 views
Ja da var vi tilbake etter ein vellykka tur til Finland. Vart mykje kjøring for ein liten prøve, nesten 380 mil, men me haldt dagsetappana på rundt 50 mil og leigde hytter underveis å det vart ikke så ille.
Første målet var Karungi rett nord for Haparanda i Sverige, og me kom her utpå kvelden på Onsdagen, og det vart stor jubel hos jentene når de såg at det var do og dusj i hytta. Her vart me fram til Fredag for å slappa av litt og la hundane akklimatisera seg. Torsdag formiddag kom Jan_inge også etter å ha kjørt i eit sidan kvelden før.
Hadde ein fin tur ute med hundane langs elva på morgonen, møtte ein stor røyskatt i ura på elvekanten. Eg såg den sat på ein stein litt lenger framme og såg på oss. Viste den ikkje til hundane men tenkte dei skulle få finna han sjølv. Tok fort sporet når me kom der og fant til slutt ein stein han hadd sett seg innunder, mens dei dreiv der og prøvde å finna han så kjeme røyskatten ut under ein annan stein bak dei og sit og ser på dei ei stund. Når dei trekker mot der han sitter no så forsvinner han. Dette gjentar seg fleire ganger.
Torsdags kveden er me oppe hos Anita og får ein flott laksemiddag, men blir ein tidlig kveld på oss da me skal prøve å nå treninga i Finland på fredagen.
Kjem oss av gårde på morgonen og fyrste stopp er rett over grensa for å få tatt ut euro, så kjører me til Oulu og har ein handle/matpause der. Leita ei stund for å prøve å finne ein butikk som solgte ammunisjon då Jan Inge trong kuler til jakta, men måtte gje opp dette tilslutt da me begynte å få dårlig tid.
Første stopp var Muhos der me hadde bestilt hytte så me fekk sjekka inn der, før me fortsatte til der hileiren var i Utajärvi.
Treninga skulle starte her kl 15 og me er litt forsinka og kjem ikkje her før rundt 15:30 men det skulle visa seg å vera god tid, ikkje var hiet bygd enda og verken rev eller trener var på plass. Så nerme kl 18 slapp me til og fekk trent, var ikkje så mykje å trena på da det bare var tomt hi men de lerte nå i alle fall korleis hiet var noke som var godt for tomgrytsverifikasjonen seinare på kvelden.
Så var det igjen å sitta og venta på at dommaren skulle komma, når kl nerma seg 20 var han endelig på plass og me kunne starta, tyskerane våre skulle alle starta på såkalt A prøve så me var sist inn. Men alle skulle fyrst igjennom den såkalte tomgrytsverifikasjonen, ein måte å sjekka ærligheten på hunden på. Dei jagde fyrst ein rev igjennom hiet så det skulle lukta der og så slapp dei inn hundane. Hunden skulle søka igjennom hiet og vera stille underveis, jo fleire nålauge dei tok jo bedre karakter. Her var bare ein hund som strauk, det var ein dachs som nekta å gå inn.
På sjølve prøven så vart det stengt for hunden så snart den kom igjennom fyrsta nålauga og så hadde den 20 minutt på seg. Var mangen av B-hundane som brukte heile tida si der inne uten å gjera noke skikkelig angrep. Men endelig når det nerma seg Midnatt så var det tyskerane sin tur til å få vist seg.
Først var det Jerri sin tur og eg gjekk og henta Chana og gjorde meg klar da eg antok at det ville gå fort, og måtte ikke vente så lenge før en smilende Jan-Inge kom forbi hjørnet så det var tydelig at det hadde gått veien. Eg blir kalt fram med Chana og setter henne eit par meter fra inngangen, så snart eg får lov å sleppa raser ho inn gjennom nålauga og det blir stengt bak henne. Hun kommer til sandvollen og søker tilbake i den tomme delen av hiet, men da der ikkje er noken annen vei inn så grev ho seg raskt igjennom sanden og fram til reven. Så snat ho har begynt å losa på reven blir denne slept vidare og han går opp til venstre til siste boksen snur og går tilbake til midterste boksen og gjere seg klar for hunden der. No opnar dei for Chana ho springer fort opp i fyrsta krysset, en liten pause for å finna ut kva vei reven har gått så er ho på vei mot reven. No går alt svært fort, det smeller i to plater der han prøver å stoppa Chana før ho kjem til reven, luker blir åpna og hunden tatt ut og sett over, reven hadde gått ut og mødt henne men ho pressa han raskt tilbake og vidare i hiet. Total tid i hiet under eit minutt, tid fra det åpna gitteret til prøven vart avbrutt 7 sekund og toppscore.
Totalt på de fire tyskerane me stilte med så vart det tre med 50 poeng og ein med 49poeng, alle godt godkjent og fire nye nordiske jaktchampionar er i boks.
Laurdag morgon tar me litt bilder før me pakkar saman og tar fatt på den lange vegen heim.
Så var det siste dagen på treffet, startar tidlig då me skal ut å ha hi-prøve med Chica. Kjeme ut til hiet i god tid og her er skikkelig surt og kaldt i dag, nesten vintertemperatur med regnbyger og vind. Startar prøven med sjekk av hundene måling av høyde/bryst samt tannstatus. Chica blir i dag målt til 39/46 mens ho på utstillinga i går vart målt til 36/38, noke som får meg til å tru at mitt mål på 37 cm er ganske nært sanninga. Etter innmålinga var det tid for å gå ut for skuddtesten, vi vart alle plassert på linje langs en vei og skytter sto ca 10m unna med hagle. Det gikk bra ingen tegn til redsel fra noen av hundene. Det var 11 hunder før oss på prøven så vi hadde god tid til å vente. Gikk en tur og såg på dåhjorten de hadde her samt hilste på villsvina. Tror ikke det er noen tvil om at Chica jager villsvin etter å ha fått hilse på de gjennom gjerdet.
Endelig vår tur i hiet, går inn og setter Chica og så snart hun får lov forsvinner hun raskt inn i hiet. Kjører kraftige gode angrep på alle gangene og er stille når hun kommer på plata så da mangler bare utkalling. Det var hun overhodet ikke interessert i, det var mye mer morro å prøve å ta grevlingen. Heldigvis er det ikke krav om utkalling, så me får godkjent GA-prov samt full score på grytdelen av anlagstesten.
Så var det å kjøre ut til gården der vanntesten skulle foregå, når det var vår tur og me kjeme ned til vatnet setter eg langlina på Chica går til vannkanten og seier "ta han" til Chica og ho hopper rett på vatnet og svømmer. Så var det innkallinga og med litt diskre styring fra langlina så gjekk det bra, andre turen ut gjekk likt som første og karakteren 4H var et faktum og nye 20 poeng for anlagsprøven.
No var det blitt så seint at me bestemte oss for å bli ei natt til på campingen her og reisa vidare sørover imorgon tidlig. Vart då invitert på villsvinjakt med Jan Nilsson, var planen me skulle gjort det på Fredag men pga foredrag og premieutdeling så rakk me det ikkje.
Møter han i jaktområdet kl20 og me kjører ut i skogen og eg får tilvist ein post og melding om kva som er lovlige dyr å skyta. Etter å ha sete her ein times tid så kjeme da ei elgkviga forbi, og i skumringa så kjeme fyrste grisen. Men han kjeme fort og snur før han er inne på åta og forsvinner igjen så ingen sjanse for å få skutt. Det var og siste eg såg så vart ikkje villsvinsteik i natt.
Starta dagen med å kjøra ut til ridehallen der utstillinga skulle vera, var der litt og såg på før eg måtte reisa ut til der sporprøven til Chana skulle foregå. Me var to som skulle gå for denne dommaren Chana fekk starta fyrst sidan ho var i åpen klasse. På vei til sporstart så står da ein elg og ser på oss, men Chana ser den ikkje og vinden går heldigvis rett vei så ho merker den ikkje.
Tar sporstart bra og følger godt men kontrollerer seg sjølv mykje, enda meir enn ho pleier, men da går no rette veien. Halveis i sporet høyrer me plutselig ei voldsom skriking og roping på ein hund, like etterpå kjeme to golden retrievera i stor fart til oss. Dommaren får tak på eigaren og dei får tak på hundane igjen. Chana bare såg på de når dei kom og så fortsatte ho sporet. Var ein tur innom eit grevlingehi i dag også før me nerma oss sporslutt, blir bedt om å stoppa hunden mens de tar skuddtesten. Chana tenner som vanlig 100% når skuddet går og skal fram å sjå kor dyret ligger så eg må ta henne av og gå tilbake der me var når skuddet gjekk før ho tok sporet fram til foten. Her fekk eg resultatet med ein gong og det vart ein 1.premie på henne så da er ho Svensk Viltsporchampion og årets fjerde championat var i boks.
Så var det tilbake til ridehallen der Chica enda ikke hadde fått stilt. Her var det begynt å bli en ganske dyster stemning, dommeren var utrulig streng og firkanta her vart til og med utstillingschampioner diskvalifisert for å ikke holde standarden. (Den hadde for stor hvit flekk i brystet). Når det vart Chica sin tur så varte det heilt til hun fekk sjekka tennene, det viste seg da at to fortenner satt ørlite skeivt og det var nok til at hun ikke fikk noe. Så skal svenskene følge det som er blitt satt her nå så er det ikke store avslbasen de har igjen.
Status etter utstillinga vart 57 hunder stilte og det vart delt ut 8 1.pr, 22 2.pr, 6 3.pr, 6 4.pr og heile 15 som vart diskvalifisert.
Tok Chica med meg ut til hiet igjen og fikk en kort rask gjennomkjøring med henne før prøven i morgen.
Kvelden vart avrunda med festmiddag og trivelig samvær, ekstra hyggelig var det jo at vi vart nevnt i presidentens tale. Der han snakka om kor kjekt det var at vi kom så langt for å være med og hvor gode hunder vi stilte med.
Var tidlig opp for å komme seg ut til prøvene, skulle jo ha Hi-prøve GA og Tysk Jaktterrier's Anlag med skudd og vannprøve med Chana og Sporprøve med Chica og de starta selvfølgelig samtidig på to forskjellige plasser. Chana som har løpetid må jo starta sist på prøven, men det er innmåling, tannsjekk samt skuddprøve før prøven begynner så det har Jan Inge sagt seg villig til å gjera med Chana. Så eg kjører til Fredskog og hiet først for å visa Jan Inge veien og avlevera Chana der før eg reiser vidare til Attarp med Chica for sporprøven hennas. Regnar selvfølgelig no på morgonen men ikkje så mykje. Me er einaste som skal stilla i åpen klasse så me får starta fyrst. Kjører ut i skogen og går eit stykke innover ein skogsveg til me kommer til oppsparket. Tar sporet fint og går bra men etter ei lita stund kommer me til eit grevlingehi, og han har selvfølgelig lagt sporet mellom to av inngangane og det er tydelig at hiet er i bruk og har verdt aktivitet der på morgonen. Så må gi Chica litt tid til å sjekke ut dette før eg tar henne forbi og ber ho søka vidare, tar sporet godt no også. Bommar på fyrste vinkelen og må ta ein runde før ho finner sporet igjen, på rettstrekka etterpå var det fleire ferske rådyrspor som kryssa og ho gjekk av på desse men tok raskt opp blodsporet igjen når ho fekk ordre om det. Når men erma oss sporslutt skulle ho brått ut til sides, her satt da ein fugl i graset som ho skremte opp og måtte igjen ta litt tid så ho fekk klarert området før ho ville gå vidare. Skuddtesten på slutten takla ho bra og gjekk sporet greit vidare til mål.
Var ganske fornøgd med innsatsen men ein er jo fortsatt nervøs for kva dommaren syns, fekk ikkje noke tilbakemelding endå den sku me få på premieutdelinga til kvelden. Så var det bare å skynde seg tilbake til Fredskog og Hi-prøven.
Her hadde skuddtesten gått bra og prøven var i full gang, Fluffy hadde gått sin prøve og var godkjent og Dixi tok sin når eg var komen der og gjekk også bra og fekk godkjent. Så no var Jan Inge fornøgd han kunne reisa heim med to nye Championat. Det vart endelig Chana sin tur og når eg slepper så går ho fint inn i hiet og som vanlig i Sverige så går hun rundt og tar borteste gangen først, høyrer at angrepet er bra så kjeme ho tilbake til første gangen og eit nytt bra angrep nå gjaldt det bare hylla og den tar ho på veien tilbake. Så er det tilbake til borterste gangen der ho blir prøvd på plate og er som vanlig heilt stille der, når ho no får angripa igjen på hylla får eg melding om at eg kan kalla ho ut. Ropar på henne og ho avbryter angrepet og kommer så hun titter ut mot utgangen, prøver no med pipeballen og lokka henne resten men grevlingen er meir interessant så ho fortsetter til eit nytt angrep der eg tar henne ut.
Det vart godkjent GA-prov og full pott på anlagsprovet med 72poeng.
Så var det bare ut til ein gård i nærheten og ta vannprøven, Jan Inge pakka no isaman og reiste tilbake til Elverum då han skulle vera med som dommarelev på laurdagsprøven også. Når me kom til dammen var det først gjennomgang av korleis prøven vart gjennomført så var det bare å setta seg unna resten så ikkje løpetida til Chana skulle forstyrra de andre og venta til dei vart ferdige så me kunne komma til. Var ikkje noke nervøs for vatnet då ho likar å bada. Når det vart vår tur så prøvde eg først å senda henne ut med kommando men ho skjønte ikkje kvifor ho skulle legga på svøm når der ikkje var noke å svømma etter, så eg kasta ein liten stein og da var ho i gang. Fekk full pott her og med 20 poeng. Så skulle ligga godt an med tanke på drevprøven, satsar på me får mulighet til å ta den i haust/vinter.
På kvelden var det først foredrag og demonstrasjon av dressur med Jeppe Stridh, deretter premieutdeling. Var godt me tok bilen opp då me skulle ha med for Jan Inge sine hundar også.
Sommartreff
I år som i fjor så hadde me ordna det så me skulle vera med på sommartreffet til den Svenske Tysk Jaktterrier klubben som i år skulle vera langt nere i skåne. Og som i fjor så starta me turen med hi-campen på elverum. Planen var å stilla Chica på Onsdagsprøven her, men ho rota sånn på trening på mandagen så eg trakk henne fra prøven. Hadde det ikkje vert for at eg skulle gå som dommarelev på prøven så hadde eg sikkert stilt så allikavel, men no hadde eg jo nok å ta meg til på prøven. På onsdag etter prøven så lasta me opp og satte nasen mot Sverige, Jan Inge var og med og planen var å kjøra så langt som mulig slik at vi kom fram i god tid til å koma i orden før treninga starta på torsdagen, me sku jo stilla alle hundane på prøve på Fredag.
Kom til Skövde første kvelden og la oss inn på ein camping her og var rundt 30mil igjen til dagen etter, Jan Inge ville kjøra litt til og sjå om han fant ei hytte eller hotell, men endte opp med at dei kjørte heilt fram og sov i bilen fram til campingen opna.
Me ankommer campingen rundt kl 12 og får satt opp campingvogna og handla litt så me har til middag og sånt. Ser ganske fort at treffet ikkje er på samme nivå som i fjor. Nå er me spredd over to campinger, og det er 3mil til hiet så det blir mykje reising att og fram og lite av det samholdet som var i fjor.
Plassen der hi-treninga og prøvane foregår finner eg ikkje på GPS'en men dette hadde eg heldigvis sjekka før eg reiste så eg hadde funne koordinatane via google earth og fekk tasta desse inn og så bar det av gårde til treninga. Det var langt å kjøra på smale veier gjennom skogen, og tils slutt så ville gps'n ha oss inn på ein liten smal grusvei. No begynte eg virkelig å tvila på om me skulle finna fram, i fjor var jo alle veikryss merka så det skulle vera enkelt å finna fram, eg hadde jo venta da same i år men hadde so langt ikkje sett noken skilt. Etter 2,5km på denne smale grusveien så vil gps'n gjennom ei grind og ut på et jorde, eg ser på kartet at det skal vera noken veier litt lenger framme som går i den retningen så kjører fram for å prøva ein av dei. Men då er me framme på hiet.
Sidan Chana har løpetid så er ho siste som får starta på trening så det er bare å setta seg å venta, Jan Inge får kjørt igjennom sine og eg får ein runde på Chica som gjere da bedre i dag. Men får veta at ho ikkje kan starta på prøven på fredag sidan det er 12mnd grense på å starta på hiprøve i sverige og ho vert ikkje 12mnd før på Laurdag. Så får flytta ho over til sondagsprøven. Får endelig kommet til med Chana også og me reiser tilbake til campingen, først blir det ein tur opp til andre campingen for å ordne prøvepapir og betaling, før me får ordna oss middag.